Velkomen til Finnasteinflåten Camping

Velkomen til Finnasteinflåten Camping

Finnasteinflåten camping ligg i Øvre Eidfjord og tilbyr overnatting i hytter, samt plassar for telt, bubil og campingvogner i idylliske omgivnader. Velkomen til eit triveleg opphald!

Overnatting

Plass til vogner/bubilar/telt. Skjerma teltplass for dei som ønskjer å kome vekk frå dei store bilane. 4 enkle hytter med til saman 16 sengeplassar.

Servicehus og sanitæranlegg

Servicebygg med vaskemaskin. Sanitæranlegg med vask, toalett og dusj.

leikeområde

Stort og spennande område for borna å leike på, med ein stor stein å klatre på.

Elvabading og fiske

Elva er ein kjærkomen venn for eit bad på varme somardagar. Moglegheiter for fiske i elva.

Hundevennleg

Kjæledyr er tillatne i band.

Om oss

Finnasteinflåten camping ligg vakkert til ved Eidfjord, omgjeve av majestetiske fjell og vakker natur. Med fasilitetar for bubil, telt og hytter, tilbyr campingplassen ei ideell base for å utforske området. Vitjande kan nyte den imponerande Vøringsfossen, som ligg i nærleiken. Finnasteinflåten camping tilbyr ein avslappa atmosfære og ei rekkje aktivitetar for heile familien. Velg din føretrekte overnattingsform og opplev det beste av norsk natur og friluftsliv.

Overnatting

Vi tilbyr oppstillingsplassar for bubil og campingvogn. I tillegg har vi utleige av hytter. Felles sanitæranlegg med dusj og toalett. Hyttene har koke-moglegheiter.

Hytte - 600,- kr pr døgn
Oppstillingsplass for bubil eller campingvogn - 350,- kr pr døgn
Bil og telt - 300,- kr pr døgn
Straum - 50,- kr pr døgn
Ekstra telt - 150,- kr pr døgn
Sengesett - 100,- kr per sett
Hund - 50,- kr
Dusj 20,- kr for 5 minutt. Må kjøpast i resepsjonen
Vaskemaskin: 50,- kr per vask

Spektakulære kultur- og naturopplevingar i Eidfjord og Hardanger.

Finnasteinflåten Camping ligg vakkert til i Øvre Eidfjord med nærleik til den storslåtte Vøringfossen og Hardangerfjorden. Det er flotte fiskemoglegheiter og storslått natur å utforske.